Tenkte berre eg måtte oppdatere litt, sia forrige innlegg ser nåke deprimerandes ut…
Altså: slåss for veska mi forrige helg, og fremdeles ingen tegn til verken kamera, nøklar eller visakort. MEN eg er ved godt mot, og håpar og trur at det vil dukke opp.. plutselig. Og om det ikkje gjer det, så er det jo virkelig ikkje verdens undergang! Eg blir heilt flau, virkelig. Mine flotte vennar rundt omkring her, nokre av dei så fattige at dei ikkje har pengar til verken mat eller ved, er seriøst bekymra over kameraet mitt, og ber til Gud kvar dag for at det skal komme til rette.. Eg har bedt dei om å VÆR SÅ SNILL å ikkje snakke om det, og vær så snill å ikkje tenke meir på det!! Ka e vel et kamera?? Helvi har en baby med Tuberkulose, og ho brukar kvar ein cent ho får inn på medisinar og sjukehusbesøk.. ingen barnefar og ingen familie til å hjelpe seg… det er heilt… deprimerande! :/ Så klart så hjelper eg til no, men eg reiser jo snart… ka då?? Til helvette med kamera og veske og nøklar og og og…..
Og Lap-top krisa er mykje mykje mindre enn først frykta!! Mens eg satt lørdagskvelden med tårevått fjes og trudde at ALT var vekke… skulle det vise seg at eg har den sterkaste lap-topen sør for equator.!!!! Stor firhjulstrekk, med 4 personar inni.. kjørte over pc’en 2(!) gongar, og alt som skjedde var at skjermen knuste!!! Den er knust rundtomkring, men den er fullt brukbar. Alle programma mine er der, alle bildene, alle dokumenta… eg kan skrive mail og oppgaver uten problem… berre å minimere og flytte litt opp her og litt ned der, så kan eg sjå på midten av skjermen!!! :) Den er ikkje spes bra til å redigere bilder med… men det er jo ikkje noko problem lenger, eg har jo ikkje kamera!!... der ser dåkke: alt skjer for en grunn…!!! :)
(Og bare for å gjere dåkke oppmerksom på at: eg er ikkje så treg som eg ser ut! To dagar før ”den store dagen” tok eg sikkerhetskopi av absolut alle dokumenta på maskina mi.. berre ikkje sisste bildene og musikken… så eg er førevar, tross alt....)
Nåke eg IKKJE kan sjå nåke grunn til.. enda. Er at tirsdagen etter ei jævlig helg, FLYTTA NABOEN MIN!!! Min gode, snille, trivlige nabo, som har vært meir som host-familien min sia eg kom hit… BORTE. Ingen fleire guttar som spring rundt huset og lagar lydar, ingen fleire som kjem hoppande glade når eg kjem heim fra jobb, ingen som inviterer meg på middag eller film, ingen, ingen, ingen. :( trist.
SÅ, dei sisste dagane har eg protestert. Protestert mot livet i Rundu ved å sitte inne og sett FRIENDS på DVD. 2 sesongar på 4 dagar. 2x24 episodar. Det er 24t. med friends det!! Hehe… Afrika er jammen gøy dere…:)
Onsdag reiser eg på en etterlengta ferie. Først til Windhoek på SCORE-happening, og etter det buss til Zambia. Ingenting er planlagt, så det skal bli spennande. Eg gler meg så innmari til å komme meg herifra… bare et lite pust fra Rundu liksom… At nåken kom og robba meg rett utanfor gaten min, og at INGEN kom for å hjelpe meg hjalp ikkje akkurat på når eg i utgangspunktet var litt smålei.. Eg treng en pause. Men rart å tenke på at når eg kjem tilbake etter pausen så er det berre 4 veker igjen til eg skal reise… Prøver å ikkje tenke på det. (HAHAHA.. som om det er mulig…!)
Uff. Skrivediaré igjen. Sorry.
Håper alle der heime har det berre bra… eg savnar dåkke veldig!
Synneve, du er så flink å legge igjen helsing til meg!!! Tusen takk,,,, viser i alle fall at nåken les fjaset mitt…!!
Og Anders: NO KJEM VI SNART! :)
8 comments:
Hoho, sees til mandag
Klemmm Madeleine
Klemmm Madeleine
Klemmm Madeleine
Hmmm... Ser no at eg ikkje va den første denne gangen... Fint å høyre at du e ikkje so deppa lenger. D e alltid noken som har d værre en det du har det. (husk det å være gla for det du har!) Sender bilder å mail på laurdag når eg har vore ut i Gjettum. Klem!!
Hei! må berre sei at eg kjenne veldig igjen den følelsen; sinte og grine og styra pga relativt små bagatellar. I den store samanhengen.. Men sånn e det, vi ekje frå Afrika og kjeme aldri til å heilt skjønne korleis det e å ha så lite eller ingenting. Så det e nok ganske naturlig for oss og klikke litt pga sånne ting! Eller reagere sånn som eg gjorde på 1. ultralyden: nesten litt irritert og "det e no typisk meg at det ska bli sånt styr!! og no kan eg ikkje gå på kafe med venninner heller, med 2 unga liksom.. Korleis ska eg få te det då!! " Jada, så takknemlige e vi for å ha to nydelige babyar i magen..hehe! Vi har det jammen godt! :)
Det var dagens moral. Elles e alt vel her i bergen. Vekse og har det egentlig ganske bra! viss du går inn på bloggen min (jepp, eg har ordna meg blogg, heilt sjøl!!)så kan du sjå litt mage-bilder :)www.ivarogchristine.blogspot.com.
Hadi te dess :)
Rette innstillinga Lena... Keep on going strong!! Du e ei tøffina! Håpe mej treffast i Livingstone!!
SMASK på dej ;-)
Hei, Lena! Bra a hore at du star pa, selv om det ikke alltid er like lett! Klem, Ingeborg
Post a Comment