Saturday, September 16, 2006

hej, Lena har en plan

Hei
Eg begynnte å tenke på en ting. Det er fredagskveld, og eg ligg her under hønsenettingen med pc’en på fanget og funderer på alt mulig rart. I dag var eg på røde kors-senteret, der traff eg blant anna 3 barn som nettopp hadde blitt plukka opp. 2, 3 og 6 år, mor og far døde av aids, bestemor og bestefar for fattige, gamle og sjuke til å ta seg av dei. Leverbrødet deira var bestefaren som plukka opp tomflasker i byen og panta dei så han fikk pengar nok til brød og anna nødvendig til seg og bestemor. Ungane derimot klarte han ikkje å fø… Røde kors senteret har 150(!) av samme slag…. Ganske sjukt. Eg møtte også Maria Magdalena(!.. ho hette faktisk det!) på 20, som sjølv betalte skulegang og skuleuniformer til 12 av ungane der, det var så mykje ho hadde råd til.

190kr i året pr unge, pluss skuleuniform!!!! Det er jo ingenting nesten… men likevel, så utrulig mykje for desse barna her!!! KA SKAL EN GJERE??? Eg vil jo så gjerne hjelpe, men eg veit liksom ikkje kor eg skal begynne….

Det eg tenkte no da, var berre rett og slett å lufte dette for dåkke der heime… kunne DU tenke deg å hjelpe en foreldrelaus unge i Rundu, så den får sjansen til å gå på skulen``?? 190kr I ÅRET. Eg må sjølvsagt snakke med MariaM om korleis vi evt skulle gjere det… men eg tenker: ”alle monner drar”, og om vi i sammen kan hjelpe kanskje… 10 ungar, så er det jo 10 fleire ungar med skulegang enn før vi kom inn i bildet!!! Kanskje ikkje veldig bærekraftig om vi betaler en unge for 1års skulegang, men dersom eg lovar å organisere det, så kanskje vi kan fortsette å gje pengar til dei same ungane i… 10 år?!!
Eg veit det finnes titals andre hjelpeorganisasjonar en kan støtte… men eg føler liksom at dette blir litt anna. Eg er her.. eg ser at pengane kjem fram, eg ser ungane som treng det og eg kan kjenne på gleden av å få hjelpe andre--- og kanskje etterkvart formidle det vidare til dåkke. Gjennom bilder, brev, video og…. fjasete reisebrev over nettet.

Ka seier du`? la oss seie… 300kr i året?! Da inkluderar det skule, skuleuniform og kanskje en ny genser og et par sko.

Eg hadde sett så utrulig pris på om du ville hjelpe desse barna her. Husk: det kan forandre eit heller håplaust liv…. ”send en mail da vel...” eg ville bli saa glad saa glad... og eg veit naaken som ville bli enda gladare.... J

Med beste helsing Lena.

PS: IKKJE UTSETT MAILEN TIL EN ANNEN DAG... da glommer du det. Eg snakka av egen erfaring....!!! send den no... saa har eg deg paa lista mi, og lovar aa komme tilbake til deg snart. Plutselig starta mi ega lille bedrift her... Og da er du lova julekort i posten neste aar.

1 comment:

Anonymous said...

hei lena!!
det e jammen heilt rett - viss en utsette mailen, blir det søren meg aldri... *kremt*
kjempebra at du sete i gang tiltak!! :) e rett stolte ta deg.. bra at du stortrivast - ikkje misunnleg her eg sete med nasa i samf.bøkene....
brev e på vei i posten!!!!
klem anita